PCJs blogg
Om science fiction og annet jeg interesserer meg for.
Nygamal helt
photo
Framsida av Syn og Segn, hyllene i kiosken og oversikta over jolehefte syner alle at han ingeniør Knut Berg er attende. Soga hans stogga berre millombels i 1960, for no har andre teke over etter Sandnes og Øvrelid: Denne gongen er det Bing & Bringsværd som fortel, og Knut Westad som teiknar. No som då kjem heftet ut på Fonna forlag. Sjølv er eg altfor ung til å ha hatt nokon borneglede av den gamle teikneserien, men det er morosamt med ny leik med gamle heltar. I det nye heftet hamnar Knut og to vener i eit Noreg av 2060. Den nye verda er – ikkje uventa – prega av klimaendringar og kamp om ressursar. No er det ikkje so spanande for ein lesar (til dømes eg) som har lese mykje science fiction, men det er heller ikkje meininga, og det er aktuelt og triveleg samstundes. Sjølvsagt tek det slutt nett når ein som mest undrar seg over kva som kjem no, og det blir morosamt å sjå om det vert meir av dette prosjektet.
2007-12-01 20:47:27 GMT
Add to My Yahoo! RSS